OFK - Åsane2 4-2. Endeleg seier i ein kamp me dominerer. Fire mål, tre av Bjarte (t.v. på bildet), gjorde biffen i ein kamp der me er ujamne og slepp inn to mål.
|
Tid |
OFK |
NBK |
Mål |
M.g. |
Kommentar |
|
7 |
1 |
0 |
JK |
BB |
Bjarte slo langt i JK-rommet, JK "lurte" han inn. |
|
38 |
1 |
1 |
|
|
DK til pressa Leif som misser, pasning over forsvaret, lobb |
|
40 |
2 |
1 |
BB |
BN |
Behzad spelar Bjarte gjennom, scorar sikkert |
|
53 |
3 |
1 |
BB |
LML |
No er det Leif som er servitør |
|
80 |
3 |
2 |
|
|
Håvard er pumpa, vingen skyt via rumpa til Daniel. |
|
88 |
4 |
2 |
BB |
|
Frispark frå 20 m |
Med:
Lars Fjæra, Tore Stengårdsbakken, Sondov Stueland, Håvard Stengårdsbakken, Behzad Nazari, Daniel Kambestad, Martin Finne, Øystein B. Jacobsen, Bjarte Brekke, Johan Kristoffer G. Bøen, Morten Andersson, Jonas Mala, Ken Tony Johanssen, Leif Magnus Larsen, Leiv Andre Stensland.
1. omgangen mot Follese onsdag inspirerte til angrepslyst og godt spel. Etter 7 minutt var JK på ferde, men no la han ikkje inn, berre finta og "lurte" ballen inn i nærmaste hjørna. God gammal JK-scoring. JK er tilbake for fullt. Det er BJ og, som herja på høgrevingen, og som truleg hadde scora like før, viss ikkje ein ivrig Bjarte kom i vegen. Bjarte fekk ein "møljesjanse" like etter på pasning frå BJ.
Leiv Andre og Morten ( og seinare Leif Magnus) storspelte i midtforsvaret i Hallvard sitt A-lagsfråvær. Åsane kom lite til. Men etter 38 minutt missa ein pressa Leif ballen på midtbanen. Åsane slo over forsvaret, spissen lobba over ein utrusande keeper Sondov. Skulle nervene koma? Neidå. Bjarte var på hogget to minutt etter. Flott stikkar frå Behzad vart sikkert sett inn. 2-1 heldt seg til pause og var ikkje for mykje.
2. omgang vart mykje det same. Bjarte scora snart på ny stikkar, denne gongen frå Leif. Han er blitt litt av ein måltjuv, Bjarte. Har scora i 11 kampar på rad no, og er klar toppscorar. Like etter skapte han ein sjanse sjølv ved å stoppa ein keeperklarering, men keeper rydda opp. Åsane var frustrerte, og fekk eit gult kort for felling av Leif. JK fekk ein ny sjanse, men litt av futten er gått ut av oddingane og. Håvard har sprunge enormt. Etter 80 minutt let han vingen gå, har ikkje sikring, vingen skyt via Daniel og i mål. Åsane får eit håp. Odda stressar. Men roande tilrop og eit par byte så er Odda i føringa igjen. Og då Bjarte set eit frispark rett i mål gir Åsane opp og Odda krusar inn til sin 2. seier i haust, og hoppar frå 7. til 5. plass, like bak Åsane.
Neste helg er det bånnlaget Tertnes borte, og evt med fullt lag og konsing god sjanse for meir poeng og meir tabellhopping.
Relaterte linker