Storseier med sterk vind og svak motstand

OFK - Kvernbit 6-1.

Odda hadde mykje å visa etter den trasige Tertneskampen. Og det fekk dei sjansen til. Kvernbit på 2.plass i serien stilte med 10 gode spelarar, men det vart tungt for dei utover i kampen. Odda heldt moralen og stilen oppe, til det glei ut i ungdommelege, ja nesten barnslege, egotrippar på slutten.

4.10.2010

Med:
Lars Fjæra, Tore Stengårdsbakken, Sondov Stueland, Håvard Stengårdsbakken, Behzad Nazari, Daniel Kambestad, Martin Finne, Øystein B. Jacobsen, Bjarte Brekke, Johan Kristoffer G. Bøen, Morten Andersson, Jonas Mala, Leif Magnus Larsen, Leiv Andre Stensland, Thomas Zachariassen.

Odda fekk ein lett jobb mot sølvlaget på tabellen Kvernbit. Dei fekk kun med seg 10 mann til Odda, og sigeren var aldri trua.
Laget jobbar med markeringane i forsvar, samt koma med fleire folk i angrep når sjansen byr seg. Det gjekk betre med begge deler. Kvernbit slapp lite til, Odda bølga fram i angrep på angrep. Berre upresise eller vanskelege innlegg i lufta gjorde at ikkje sigeren vart større. JK var stor på venstresida i den sterke sønnavinden, kombinerte fint med Behzad, og så lenge ballen gjekk langs bakken vart det sjansar.

Men det første målet kom etter framspel av venstrebacken Håvard. Bjarte vann hovudduellen med målmannen, og sparka ballen i tomt mål. Deretter hoppa han opp og datt dau ned : ) Daniel tok tak på midtbanen. Han kom nesten heilt gjennom eit par gonger uten å toppa det med scoring. Eit Bjarte-mål som han snappa frå Daniel vart annulert for offside etter 35 minutt. 5 minutt etter slo JK eit innlegg rett i mål. Dessverre reduserte Kvernbit i eit kaos framfor mål rett før pause. Odda er ikkje kontante nok inni verken eigen eller motstandars 16-
meter.

2. omgang var knapt i gang før Bjarte klinte inn sin 2. for dagen på heil volley på innlegg frå JK. Odda tok over meir og meir, og då Bjarte sette sin 3. på ein pasning ut i feltet frå Håvard gav Kvernbit litt opp. Men i staden for å rundspela dei vart det meir ego av Odda. Og då Kvernbit-kapteinen måtte ut med hodeskade burde Odda pøst inn mål. Men då vart det egoshow av halvparten, og då blir det ikkje mykje spel. Leif klarte å knalla inn ein i vinkelen etter gammalt, og Håvard fekk seg eit mål etter å ha jobba hardt heile kampen. Eit mål annulert for offside og brenning av ein trippelsjanse (minst) avslutta det heile.

2 gule til Odda og 2 til Kvernbit var i overkant i ein ganske finspelt kamp. Om 2 veker er det serieavslutning mot Harding borte.





Relaterte linker