OFK gut - St. Mary´s School 4-0. St. Marys School i Nairobi har 1200 elevar, men skulelaget var ikkje all verden. Odda markerte seg tidleg, men vart for scoringskåte til å spela fin fotball.
Odda visste at dei ville få betre tid enn mot dei aggressive engelske laga, og prøvde å nytta dette til å forbetra banespelet. Målet var å få gode avslutningar ved å variera mellom spel framover, og støttepasning og langskot.
Alt etter 4 minutt gjekk det etter boka. Spiss Andreas la tilbake til midtbanesjef Daniel, som avslutta i lengste hjørne. Måååål! 10 minutt etter la ein god Andreas igjen tilbake, no til Bjarte, som scora sikkert. 6 minutt seinare gjorde Andreas det like godt sjølv, med eit uventa og hardt tåskudd over hovudet på ein heller dårleg målmann. Afrikanarane gav litt opp. Odda vart prega av overmot, og mange skulle skyta sjølv i staden for å spela andre gode. Midtbanen vart for ivrige og sto for høgt, og Asmund, Hallvard, Sondov og Tore fekk faktisk småproblemer i forsvar. Det var i det heile dårleg forball i 2. Omgang. Men med litt flaks pluss Lars i mål sto dei han av, og Bjarte fekk stanga inn mål nr 4 etter corner frå Tore.
Dei utallige brente sjansane er gløymde, no er det semifinale i B-sluttspel (sporting plate) mot Silverdale Athletics som gjeld. Ved evt seier blir det B-finale kl 16.
Laget som vann vår pulje er no i finalen etter seier i semien, så puljenivået var bra
Relaterte linker