OFK gut jr-Portadawe 1-4
Jr. herrer er på cup i sjølvaste Manchester. Her er referatet fra
første kamp.
I ein tøff og fartsfylt kamp i "occational showers" på ein
langhåra grasbane i
Newcastle-under-Lyme vart gutane frå Wales for sterke. Odda gløymde
Harald
Knutssons gode musikkråd om å "starta med ein gang", Portadawe kom
gjennom på sin venstre kant og scora etter få sekund. Vill
Wales-jubel! Odda skjerpa seg, men sleit i minst 10 minutt med for
svake pasningar på kubeitet. Få sjansar til Odda, mens gutane frå
Wales kombinerte bra og vart berre stoppa av opplagte midtstopparar
Vangen og Monsen, samt keeper Fjæra og backane Engdal og H.
Stengårdsbakken. Samt stanga.
Etter kvart som gutane vart vane med ball og underlag lurte
midtbanen med Finne, Larsen og Kambestad gjerne av både 1, 2, og 3
walisarar, men spelet mangla noko, og det ville seg ikkje heilt for
spissen Brekke og dei to "nye" vingane Svenning og Stensland mot
kontante stopparar.
I pausen fekk Larsen igjen "sin" ving for å skapa meir trykk
framover. Men før Odda kom skikkeleg i gang kom Portadawe igjennom
på venstre sida igjen, no mot keeper Stueland, og det sto 0-2.
Shit, som dei seier her.
Kampen bølga att og fram på det høge regnvåte graset, som sette
seg slik
mellom knottane at gutane seilte på arse-en på dei nye fotballskoa
dei anskaffa i
Manchester. På 0-3 gjorde Odda eit offensivt byte ved å køyra
Monsen på topp.
Odda pressa meir og meir. Larsen og Brekke hadde ein eventyrleg
dobbeltsjanse
uten å lukkast. Larsen fekk ein ny sjanse, men dessverre på venstre
fot. Den som endeleg lukkast var langrenns- og motbakkeløpar Finne,
som etter ein pasning frå Stensland med eit velplassert langskot
nede i høgre hjørne overlista keeper. Nytt håp var tent, Odda
pressa, men marginane var imot, og walisarane hadde og sine
sjansar. Monsen vart felt bakfrå like utanfor 16-meteren, fekk
ikkje frispark men ein smell i sin skranglete ankel og måtte ut.
Håpar han er på beina til i morgon, med god hjelp av vår
fysioterapeut Kambe.
Kampen vart avblåst med 1-4 av ein middels dommar som gjorde sitt
beste.
I går var det shopping og omvisning på ManU sin stadion. Etterpå
fann bussjåføren endeleg ut av sin manuelle GPS, ein taxisjåfør i
nabofila, og førde oss sikkert men seint fram til Manchester City
sitt fotballakademi, der me fekk ein artig og god halvtimes trening
av ein som langt overgjekk Kambestad. "I alle fall i magemål" seier
Kambestad, som satsar på å legga på seg.
I skrivande stund er laget i Liverpool, mens manageren er tilbake i
leiren og prøver å ordna diverse som ikkje er på G i den nyflytta
cup-en. Det meste går greit, men me får verkeleg testa ut våre
engelske høflighetsfraser. Det slepp me kanskje på kveldens
pub-quiz i nabolaget, seier Kambestad. Då satsar me heller på
Røldalsfraser.
Ø. Kambestad
Relaterte linker