OFK Smørås 1-2.
På leiinga 1-0 fekk Smørås ein straffe som ingen skjønte noko av. Og då trenar Kambestad ikkje fekk godkjent byttet og Leif Magnus dermed fekk sitt andre gule og måtte ut, var det Smørås som kunne pakka ned 3 gullhårpoeng i snødrevet og reisa nøgde heim.
|
Tid |
OFK |
Smø |
Mål |
M.g. |
Kommentar |
|
20 |
1 |
0 |
BN |
LML |
Nydeleg pasning til Behzad som scora sikkert |
|
40 |
1 |
1 |
|
|
Monsen skjermar ballen til keeper og får straffe mot |
|
|
|
|
|
|
Pause |
|
60? |
1 |
2 |
|
|
Smørås igjennom og scorar |
|
70? |
|
|
|
|
Kambestads ulykksalige byte |
I ein kamp Odda dominerte i periodar blir det nok eit knepent tap.
Gutane jobbar bra, spelet sit og sjansane kjem. Smørås får ein del hjørnespark. Men treninga Lars gjennomførte på dette har hjelpt. Det blir ikkje mål imot. Forsvaret med Hallvard og Andreas i midten har kontroll, og Behzad briljerer på midtbanen. Då han får ein ypperlig Leif-pasning er han sikker og får sitt første mål for i år.

Like før pause skjermar Andreas ballen inn til målmannen, og brukar skuldra på motspelaren som prøver å passera han. Straffe! Det er kanskje ikkje ukorrekt, men det må vera lov å sei at det i alle fall er heilt uvanleg. Dette tek litt piffen ut av laget.
Etter pause er det kamp igjen. Sjansar til begge lag, men Lars og forsvaret ryddar opp. Bjarte skyt i tverrliggar. Smørås får uttelling midt i omgangen. Det kjennest urettferdig, og Oddaspelet blir litt hektisk. Ein Smøråsspelar dyttar ned Leif uten at ballen er i nærleiken. Leif skrik opp, blir roa ned av Kambestad, men får gult kort etterpå. Og då Kambestad seinare byter han innpå ureglementært iflg dommaren, blir det raudt på Leif, og kampen blir vanskeleg. I tillegg tek det til å snøa voldsomt. Det blir avbrekk i spelet for å kosta linjene. Likevel får Vegard ein sjanse åleine med keeper, men sklir, og skotet går utanfor.
Ein merkeleg kamp.
Ref: Ø. Kambestad
Relaterte linker