OFK Tertnes 0-2.
Med ein kraftig redusert stall kom Odda frå det uten braktap, men 0-2 var greit nok etter spel og sjansar
|
Tid |
OFK |
Tert |
Kommentar |
|
35 |
0 |
1 |
Offsidefella glapp, to gjennom åleine med Lars |
|
70 |
0 |
2 |
Offsidefella glapp igjen, ein gjennom med god tid. |
Med 6 midtstopparar ute med sjukdom, skade, kort og A-lagsrestriksjonar ba me på våre knær og fekk bruka Hallvard ein omgang. Heldigvis var Morten OK, og Leiv Andre gjorde ein kjempedebut som midtstoppar i 2. omgang. Bjarte hadde comeback som back. Jonas hadde comeback som spiss. Med Leif Magnus ute med kort starta Leiv Andre på vingen.

- Lars har kontroll
Med ein så improvisert bakre firar var det utruleg å sjå at dei sette Tertnes offside 15 gonger berre i 1. omgang. Hallvard styrte linja, og sprang opp dei som smatt gjennom.
Leiv Andre var igjennom og fekk ein kjempesjanse etter 30 sekund, men bomma på målet med ein halvmeter. Tertnes prøvde gjennomløp heile tida, men alt som kom ut av det var to stolpeskot.
Behzad fekk ein kjempesjanse etter veggspel med Daniel og Jonas, men fekk dårleg klem på skotet. Tertnes hadde flest sjansar, og då to stykk smatt gjennom offsidefella samtidig var ein god Lars sjanselaus.
I andre omgang klarte den bakre firaren seg overraskande bra uten Hallvard, med ein rask Leiv Andre som erstattar. Smarte Tore sto som regel rett plassert, og Morten styrte linja. Behzad og Daniel sto fram på midten til Behz måtte ut med krampe. Jonas skapte saman med Bjarte og Thomas (inne for skadde JK) og Vegard eindel mot eit litt trøytt eller ukonsentret Tertnes. Men Tertnes hadde nok ein gong flest sjansar, og sjølv om dei hadde nok eit stolpeskot og Lars hadde ei strålande redning på ein 100%-sjanse sprakk det til slutt, og 0-2 var eit greitt sluttresultat.
Smørås som me dominerte mot ledar no serien med 3 sigrar. Me får tru det står betre til med stallen vår i neste kamp, som er borte neste helg mot Lyngbø.
Ref: Øystein Kambestad
Relaterte linker