OFK gut - St. Mary´s School 4-1. Kun slått av dei to finalelaga i løpet av turneringa vann OFK lett plasseringsspelet dei til slutt enda i.
Bakerste rekke frå venstre:
Turneringsdirektør David Sheperd, Eirik Sondre Husby, Leiv Andre
Stensland, Asmund Fedje, Hallvard Sandvin Vangen, Bjarte Brekke,
Sondov Stueland, Lars Fjæra.
Første rekke frå venstre:
Håvard Stengårdsbakken, Vegard Svenning, Leif Magnus Larsen, Daniel
Kambestad, Ole Johannes Engdal, Martin Finne, Andreas
Monsen.
Oddas gruppe var klart sterkast i cupen. Nr 1 og 2 i gruppa enda i finalen. Odda, som vart nr 3 i gruppa, enda til slutt etter mykje rot og eit uforståeleg system i plasseringsspel om 8.-12. plass.
I semi-en vart det walk over. Tida vart brukt til å sjå Pontadawe town slå Hale Juniors 3-0.
I finalen vart det sørgeleg nok og walk over. Idet laget gjekk for å henta premiane, kom St. Mary´s joggande, Africa time. Då stilte Odda sjølvsagt opp til kamp, premiane skulle vinnast på skikkeleg vis.
Kampen var kort, kun 2x20 minutt. Fair, ikkje særleg velspelt, men moro etter mykje venting.
Ein traurig 1. omgang vart raskt gløymd, då Monsen starta scoringsballet i det 25. minutt etter ein fin stikkpasning frå Kambestad. 5 minutt etter fekk Engdal sitt første i Odda-trøya, og vart difor behørig døypt etter kampen.
Monsen var i støtet, og i det 35. minutt krangla han inn nok eit mål etter pasning frå Brekke. Odda dominerte stort.
Trenar Fjæra skjemta med at me kanskje skulle gje motstandarane eit mål og, sidan me er fair play-lag. Keeper Fjæra tok han på ordet, la igjen til St. Mary-spissen, som ikkje takka nei til litt hjelp. Det vart likevel aldri spennande, for Monsen laga like godt hat-trick i den korte kampen, med sin 3. scoring, no etter langt frispark av Stueland.
Seieren vart behørig feira , med stor pokal, premieutdeling på podiet, musikk, dans og allmen åtgaum.
Relaterte linker