For fjerde året på rad stilte OFK og Lions i gågata for å selja tulipanar i kampen mot narkotika. Lions har lenge gjort ein innsats mot narkotika, og dei siste 4 åra har desse evigunge ildsjelene og dei enno ganske unge -93-spelarane i OFK vore på same laget.
Som tulipanseljarar, med Bry deg-logoen på drakter og gensarar, og som døme på at det finst gode alternativ til rus. Dette har vore så vellukka at heile klubben no er med på Bry deg-kampanjen.

I år stilte Lions med heile 3000 tulipanar, og OFK med over 20 seljarar. Alt gjekk unna i ei hustrig gågate, og på Coop og Rema og ellers rundt blant ein velvillig handelsstand, i år også på Coop i Røldal og Joker i Skare. I tillegg til tulipanar stilte Lions med gatemusikantane Nappe, eks-fotballspelar Hauge, Drotningsvik, Dodlen og diverse assosierte medlemmer plukka opp frå gata, hvori numere opptatt manager Kambestad.
Musikk, kaffi, dans og almen gemütlichkeit gjorde det heile til ei lita feststund for både dei som gjekk forbi og dei som deltok. I alle fall viss dei likte trekkspel, baljebass, småflørting og asynkon røldalsskjemting. Det var så vidt den suraste klarte å la vera å smila. Smoltnakkje.
Og narkotikaen? Den var verken høyrd eller spurd den dagen.

- Dans må til!
Relaterte linker