Tertnes2-OFK 3-1.
-Dette var dårleg!, seier ein skuffa Kambestad. Laget åpna bra, fall noko etter scoringa mot, og ein uvanleg trå soltørr bane samt ein svak dommar gjorde frustrasjonsnivået uvanleg høgt og spelet tilsvarande dårleg utover i kampen.
|
Tid |
Tert |
OFK |
Mål |
A |
Kommentar |
|
16 |
1 |
0 |
|
|
Fint gjennomspel til god spiss. For dårleg markering. |
|
49 |
1 |
1 |
BJ |
|
BJ snappar dårleg tilbakespel, rundar keeper og scorar |
|
60 |
2 |
1 |
|
|
Gjennomspel til spelar i offside... |
|
70 |
3 |
1 |
|
|
Innlegg på fot, dårleg markering |
Med: Lars Fjæra, Sondov Stueland, Martin Finne, Leiv Andre Stensland, Hallvard Vangen, Håvard Stengårdsbakken, Tore Stengårdsbakken, Øystein B. Jacobsen, Leif M. Larsen, Daniel Kambestad, Behzad Nazari, Thomas Zachariassen, Bjarte Brekke, Jonas Mala.
Odda gjekk offensivt ut frå start, og dominerte stort dei første 10 minutta. Dessverre inviterte den noko svake motstanden til litt for lite samspel, og ingen klarte å scora på eiga hand. Og då Tertnes mot spelets gang scora etter eit flott gjennomspel til den gode spissen vart Odda meir usikre. Spelarane klaga på kombinasjonen bane/ball, som var uvanleg trå i solsteiken. Det same opplevde for resten A-laget på denne banen i vår. Spelarane såg ut som dei stadig trakka på ballen då dei prøvde å føra. Finspelarane våre sleit mest. Tertnesspelarane var litt meir vane med underlaget, men sleit noko dei og.
Mange svake Oddaskot frå distanse var hovudinntrykket av angrepsspelet i 1. omgang.
I pausen var mottoet angrepslyst og meir samspel. Målet kom då BJ snappa eit dårleg tilbakespel og scora sikkert. Ein god BJ kom gjennom også 5 minutt etter, blei klart felt, men fekk ingen ting av ein inkonsekvent dommar. Fleire store Oddasjansar vart feilaktig avblåst for offside. Nokre var heilt uforståelege. Det såg ut som dommaren dømde på at spelaren var i offside då han mottok ballen... Dette gjekk litt begge vegar. Men då Odda nett var heilt klart feilaktig avblåst for offside, kom Tertnes gjennom og fekk gå trass i den rett nok vesle offsiden, og det sto 2-1. Ein del tøffe taklingar, halding osv heva temperaturen til uvanlege høgder. Eit par Oddaspelarar var så frustrerte at dei ville av banen.
Etter 65 minutt snappa Bjarte korrekt ballen frå Tertnesmålmannen som sat og skulle hala ut tida. Målmannen prøvde å hekta Bjarte med hendene, men han reiv seg fri og scora. Frispart til Tertnes...
Behzad vart takla og felt, ballen gjekk over kortlinja, Behzad ville ha straffe, dommaren markerte at Tertnesspelaren tok ballen, OG DØMDE MÅLSPARK... Like etter hadde Tertnes ein kjempesjanse men skaut over. Og då Tertnesspissen umarkert fekk eit innlegg på fot og gjorde 3-1 etter 70 minutt var det i grunnen over. Odda tapte mot botnlaget i ein kamp som berre må gløymast snarast råd.
No gjenstår Kvernbit heime (Tyssedal) på laurdag, og deretter Harding borte 17. oktober.
Relaterte linker