OFK - Nordhordland BK 5-1.
Odda har siste året tapt mykje i eliten og 1.divisjon, og tap i første haustkamp i 2. div var eit dårleg omen. Dette set seg gjerne mellom øyrene. Men på heimegraset snudde Oddagutane trenden skikkeleg, fekk til det me har trent på og scora likegodt 5 mål, til heimepublikums begeistring.
|
Tid |
OFK |
NBK |
Mål |
M.g. |
Kommentar |
|
33 |
1 |
0 |
BB |
BN |
Behzad nikka corner inn til Bjarte som nikka i vinkelen |
|
47 |
2 |
0 |
BJ |
LML |
Leif snappa på 25 m, la hardt inn på bakerste der BJ scora |
|
55 |
3 |
0 |
BB |
BJ |
Håvard til BJ til BN til BB. Kjempeangrep! |
|
83 |
3 |
1 |
|
|
Sondov Djalili-show ; ) |
|
87 |
4 |
1 |
VS |
LAS |
Hjørnespark, Leiv A. nikkar til Vegard som skyt via ein NBK |
|
89 |
5 |
1 |
BN |
|
BB i duell, ballen ut til BN som skyt i strålande i vinkelen |
Med:
Lars Fjæra, Tore Stengårdsbakken, Hallvard Vangen, Sondov Stueland, Håvard Stengårdsbakken, Behzad Nazari, Daniel Kambestad, Martin Finne, Øystein B. Jacobsen, Morten Andersson, Bjarte Brekke, Vegard Svenning, Asmund Fedje, Leif Magnus Larsen, Leiv Andre Stensland.
Med forrige helg friskt i minne gav sjansesløseriet i starten av kampen dårlege vibbar.
Leif sprang seg til ein tidleg sjanse på vingen. På hjørnespark var Odda kvassare enn før i år, men BJ's gode heading på bakerste gjekk utanfor. Behzad slo Bjarte igjennom, men heller ikkje han lukkast. Etter 12 minutt vart Bjarte felt, fekk straffe, men sette han utanfor. Skal det aldri lukkast? 3 minutt etter vart han spelt heilt gjennom, men keeper redda. Eit Behzad-skot vart og redda. Det positive var at NBK knapt slapp til sjansar. Hallvard, Morten, Leiv A og Håvard pusha ut og fall av som om dei dansa i lag, og Hallvard sprang opp NBKs raske spiss. NBK fekk eit par gratissjansar på dårlege Odda-utspark, og Håvard laga eit frispark like utanfor 16-meteren, som NBK slo utanfor. Ellers var det lite dei skapte.
Odda dominerte midtbanen, og kom stadig gjennom på kantane. Etter 33 minutt lukkast endeleg Bjarte. Eit hjørnespark på bakerste vart nikka inn i felten av luftbaronen Behzad, der Bjarte i duell klarte å nikka i vinkelen. Ein bra prestasjon, og bra for Oddanervene. NBK fekk sitt første skot på mål. BJ fekk sitt første gule etter returen til OFK. Håvard kom på overlap, og la sin første angrepspasning med hælen, men Behzad blei for overraska til å nytta høvet.
1-0 sto seg til pause, der Kambestad fokuserte på det positive, men ville ha fleire innlegg, og gjerne 45 grader ut. To minutt uti 2. omgang snappar Leif M. ballen, legg eit kreminnlegg hardt til BJ som stormar fram på bakerste. 2-0, og kjempemål! No tek OFK heilt over. Martin slår til Leif som legg til Behzad som skyt. Nesten. Daniel leverer eit langskot, nesten igjen. Eit BJ-raid enda via Behzad til Bjarte, men det blir rot og hjørnespark. Så er det Håvard som slår til BJ, som finn Behzad som legg til Bjarte, og no er han sikker. 3-0! Kjempespel! Måltørken er over. Leif er gjennom. BJ headar i tverrliggar, men back-Egil på bakerste reddar. Kambestads krav om å gi bort færre dødballar ved klarering fører til at målmann Sondov driblar, men overvurderer eigne ferdigheiter og gir NBK ein sjanse dei berre MÅ scora på. 3-1 er inga trygg leiing. NBK vaknar. Gutane tek ansvar, spelar vidare, og innbyttar Svenning knuser inn 4-1 via ein motspelar. Og når Behzad etter ein duell får ballen på knapt 16 m og knuser han i vinkelen er ørkenvandringa med 1-målstap tydelegvis over. No gler me oss til neste kamp!
Relaterte linker