Sesongen er i gang!

Nymark-OFK jr 4-3

Nymark siktar mot tabelltoppen i 1.divisjon i år, og tok straks peiling på den med 3-0 etter 15 minutt. OFK, med heile forsvarsfiraren rett frå sjukesenga og litt slappe treningskampar mot Harding og Rosendal, måtte legga inn eit gir ekstra for å koma inn i kampen. Det vart spennande, men Nymark trekte det lengste strået i seriepremieren.

 

20.4.2010

Tid

Nym.

OFK

Mål

M.giv

Kommentar

5

1

0

 

Jo

Perfekt hjørnespark, dårleg markering

10

2

0

 

 

Lobb over målmann på kontring

15

3

0

 

 

Dårleg klarering, skot via Tore

37

3

1

LAS

BN

Årets første mål! Tunnel av Leiv Andre etter Behzad-stikkar!

 

 

 

 

 

Pause

50?

4

1

 

 

Nytt perfekt Jo-corner, Daniel blei regelrett skubba vekk.

 

4

2

LML

BN

Flott mål etter Håvard-prestasjon frå backplass

75

4

3

MF

HAK

Hansi la ut til Martin som scora sikkert

 

Med: Hans Arne, Ole Johannes, Leif Magnus, Daniel, Tore, Behzad, Martin, Hallvard, Leiv Andre, Asmund, Sondov, Håvard og Bjarte. Og Jostein Skeie.

 

OFK jr må visst satsa på -93-årgangen i år og. Med nesten kun 1.års jr-spelarar blir det ein kamp for å halda seg i divisjonen.

 

Starten var verst tenkeleg: Med Monsen og JK skadde, Eirik Sondre og Morten sjuke, og Lars og Vegard på jobb, stilte OFK med ein komplett bakre firar der alle fire kom rett frå sjukesenga, og der Ole Johannes (som gjorde ein god kamp) var ny. Eit heiltent Nymark med sterke og raske eldre-jr-spelarar (5 stk -91) skapte tidleg problem, og først etter 3 baklengs på 15 minutt fekk midtstoppar Hallvard orden på troppane (som gjorde ein god kamp), men kampen såg alt ut til å vera køyrd.

 

Odda i angrep

-Odda i angrep! Martin og Behzad er med. Bjarte slår til Leif på løp utanfor bildet

Med betre balanse på midtbanen og Behzad, Martin og Daniel i godt slag, jamna det seg ut. Bjarte stanga mot gode midtstopparar på topp. Odda fekk eit par gratissjansar, men klarte ikkje å netta før Behzad stakk perfekt gjennom til Leiv Andre, som kaldt tok ein tunnel på målmannen. 3-1 til pause var heil greit etter spel og sjansar.

 

I andre omgang fekk Nymark eit mål som skulle vore avblåst av ein ellers god dommar då målscoraren dytta Daniel (som markerte) så kraftig i ryggen at han fekk stå heilt åleine og nikka i vinkelen. Odda gav ikkje opp. Leif fekk eit etterlengta mål etter nokre forspilte sjansar på eit angrep godt starta av venstreback Håvard. Hansi på topp og Bjarte på vingen fungerte bra til målmann Sondov måtte ut etter ein tøff duell og skriking me ikkje har høyrt maken til sidan BJ flytta til Haugesund. Bjarte i mål fungerte storveges. Hansi samarbeidde med Martin, som scora i seriedebuten i år igjen. Etter Hanguren opp (eller noko) på laurdag. Fin prestasjon og tradisjon.

 

Alt i alt ein godkjent prestasjon av Odda, særleg i andre omgang. Viss ikkje skader/sjukdom øydelegg for mykje framover, bør det vera råd å overleva i 1.div, sjølv om me iflg Bergenslaga har hamna i den tøffaste pulja.





Relaterte linker