Bergen Nord-OFK 4-3
Odda stilte med 13 mann, der 3 var småskadd. Me beit likevel godt frå oss i ein kamp der me bestemte oss for å jobba betre med forsvarsbiten. Fire i mot fortel sitt om det, men det var likevel framgang, særleg i midtbaneleddet.
|
Tid |
BN |
OFK |
Mål |
A |
Kommentar |
|
22 |
1 |
0 |
|
|
|
|
30 |
1 |
1 |
BB |
BN |
Bjarte nikka inn Behzads innlegg på første stolpe |
|
45 |
2 |
1 |
|
|
Åleine gjennom |
|
|
|
|
|
|
Pause |
|
47 |
2 |
2 |
BB |
MF |
Straffe! Martin går, blir felt like innafor 16-meter |
|
60 |
3 |
2 |
|
|
Hands! |
|
62 |
4 |
2 |
|
|
Nydeleg scoring på langpasning |
|
70 |
4 |
3 |
MF |
BN |
Martin scorar på retur frå keeper på Behzad-skot |
I ein kamp uten betydning for nokon av laga stilte Odda med sterkt redusert mannskap. Bortekampar er ikkje så populære som heimekampar, og det er dessverre ofte dei same som sviktar og ikkje blir med.
Dei som stilte gjorde imidlertid ein respektabel figur. Sondov som høgreback, Vegard og Behzad som vingar og Tore og Asmund på midtbanen klarte seg bra på sine nye plassar.
Bergen Nord gjekk hardt ut, og spelte som Tertnes på djupe gjennomløp frå midtbanen. Dette er vanskeleg å forsvara seg mot. Bergen Nord hadde ein 100%-sjanse, men når den bakre firaren fekk justert seg inn, gjekk det betre. Hallvard stoppa mykje. Skota gjekk deretter gjerne utanfor. Likevel kom dei til med eit mål etter 22 minutt. 8 minutt etter scora Bjarte med ein flikk med hovudet på eit hjørnespark frå Behzad. Like før pause glapp det igjen bakover, og BN-spelaren kom åleine gjennom med Lars og scora sikkert.
Etter pause utlikna Odda raskt til 2-2 då Martin jobba fram ein straffe, og Bjarte scora sitt 4. mål på to kampar. Odda klarer seg bra, med aggressivt press på ballførar, og skaper sjansar på småspel gjennom midten pluss med ein god Behzad på vingen. Men då Bergen Nord scorar 2 på under to minutt, det første var hands, det andre eit strålande løp, langpasning og avslutning, går piffen litt ut. Etter 70 minutt scorar likevel Odda, då keeper gir retur på eit Behzad-skot, og Martin er sikker frampå og puttar i lengste hjørne iflg Asmund (referenten var på toalettet etter for mykje Stueland-kaffi. Kanskje han burde gå på toalettet oftare).
På slutten gjekk det på stumpane, då Eirik Sondre, Daniel og Tore var skadd, men Tore og resten av gutane avslutta heroisk (OK, litt store ord men dog) og prøvde å pressa til fløyta gjekk. Asmund fekk ein skuddsjanse, men valde å sentra til Bjarte då han ikkje var heilt orientert som han sa. Å tapa 4-3 er blitt ein vane.
Sol og sommar, fin gjennomkøyring før siste kampen heime på søndag, og trass alt god stemning i bussen på heimturen.
Relaterte linker