OFK - Norheimsund/Øystese 4-2
I siste kampen før sommaren jobba me med humøret, som har vore prega av all motgangen. Sjølv om me kom under etter 9 minutt heldt humøret seg til det gjekk i taket med JK si 4-2-scoring på overtid. Ei god avslutning på ein svært trøblete vårsesong og fin inngang mot Manchester-cupen.
|
Tid |
OFK |
NØ |
Mål |
Målg |
Kommentar |
|
9 |
0 |
1 |
Nr 9 |
|
Dårleg markering på hjørnespark |
|
21 |
1 |
1 |
BB |
|
Straffe! Bjarte felt. Bjarte scorar sikkert som vanleg. |
|
29 |
2 |
1 |
BB |
BN |
Ypperleg Behzad på hovudet til toppscorar Bjarte |
|
33 |
2 |
2 |
|
|
Ny corner, ny umarkert mann i returrommet. |
|
|
|
|
|
|
Pause |
|
46 |
3 |
2 |
BB |
MF |
Bjarte nydeleg slått gjennom på 2.bevegelse av Martin |
|
91 |
4 |
2 |
JK |
|
Johan Kristoffer åleine gjennom og lobbar elegant |
Med: Leif Magnus Larsen, Daniel Kambestad, Behzad Nazari, Martin Finne, Hallvard Sandvin Vangen, Vegard Svenning, Sondov Stueland, Lars Fjæra, Johan Kristoffer Grave Bøen, Håvard Stengårdsbakken, Morten Andersson, Asmund Fedje, Ole J. Engdal, Leiv Andre Stensland og Bjarte Brekke. Halvskadde på benken: Tore Stengårdsbakken og Jonas Mala.
Odda tok kontroll frå start, og skapte snart sjansar. Men NØ scora først. Nok ein gong var hjørnespark vår akilleshæl. Markeringa glapp, og nr 9 hos NØ scora enkelt.
Like etter var Leiv Andre åleine gjennom, men mislukkast. Spelet fungerte, Odda dominerte på midten og framover, og Hallvard og Ole Johannes sprang opp dei mange gode gjennomspela saman med Martin og Håvard på backane, trass i mykje rot og byte inn og ut pga gnagsår og øydelagte sko.
Etter ein halvtime blei Behzad fint spelt gjennom, la på hovudet til Bjarte som nikka OFK i leiinga. Odda har snudd kampen. Diverre får NØ nok eit hjørnespark. Denne gongen får ein spelar stå åleine i returrommet, og det står 2-2. NØ fekk nok ein stor sjanse då raske John med raudt hårnett kom åleine og heada, heldigvis rett på ein godt plassert Sondov i mål.
Straks etter pause slår Martin flott på andrebevegelsen, Bjarte er gjennom og scorar igjen. Hat trick! Norheimsund sprang mykje i offside, og kom ikkje nærare enn eit stangskot. Odda hadde nok ein kjempesjanse ved JK som la til umarkert Bjarte som nikka over. Morten og Ole Johannes må ut med skade. Leif Magnus tek over som midtstoppar, får ein smell men står distansen ut. Det same gjer Asmund med strekk. I det 91. minutt gjer manager eit taktisk byte, set innpå JK som straks går gjennom og scorar. ENDELEG 3 poeng!
Denne våren har vore ei uendeleg rekke av skader, avgjerande dommarfeil, uflaks og marginar mot. 8 av 9 kampar tapt, 7 av dei heilt jamne. Å få ein siger i siste kampen var deiligare enn me hadde trudd. No er me klare for sommarcup og 2. divisjon
Ø. Kambestad
Relaterte linker