Bergen Nord-OFK 2-1.
Med eit toppa lag dominerte Odda stort, særleg i 1. omgang. Men når eit lag pressar men ikkje scorar på sine mange sjansar, scorar gjerne motstandarane. Så og her. BN får eit lusamål på eit feil frispark, og Odda stressar. Sløsinga held fram i 2. omgang, og BN slepp unna med "ranet", som trenaren deira kalte det.
|
Tid |
Ost |
OFK |
Mål |
M.g. |
Kommentar |
|
41 |
1 |
0 |
|
|
Urett frispark frå 25 m går rett i mål då ein spelar dukkar |
|
44 |
1 |
1 |
BB |
BN |
Straffe! Dommaren skrittar opp avstanden (!), Bjarte er sikker |
|
55 |
2 |
1 |
|
|
Gjennomspel i midten, åleine med keeper |
Med:
Lars Fjæra, Tore Stengårdsbakken, Hallvard Vangen, Sondov Stueland, Håvard Stengårdsbakken, Behzad Nazari, Daniel Kambestad, Martin Finne, Øystein B. Jacobsen, Johan Kristoffer G. Bøen, Bjarte Brekke, Vegard Svenning, Leif Magnus Larsen, Leiv Andre Stensland, Asmund Fedje.
I ein kamp Odda dominerte stort i periodar, blir det nok eit surt tap i 2. divisjon.
Odda starta med 4-5-1 for å sikra ein trygg og kjent start, og ein viss kontroll på midten mot eit ukjent BN-mannskap. OFK har møtt dei før og tapt, men då 1. laget. Me kjende igjen eindel gutar frå 1.lagskampane. OFK tok tidleg kontroll og skapte sjansar i fleng. Bjarte er gjennom heilt i starten men missar. 3 hjørnespark og eit langt Leif-kast dei første minutta gir ikkje anna resultat enn ein kjempesjanse til Martin på 6 meter, men han bommar. BN får også 2 hjørnespark ,men får ikkje avslutta. Etter 10 minutt får OFK nok ein corner. Ikkje mål no heller. Like etter avsluttar Bjarte nydeleg i vinkelen, men stang ut. Odda pressar vilt, men framfor mål blir gutane litt for ivrige. Bjarte slit og slit og vil gjera det sjølv, mens pasning til ein offensiv Leif og god BJ og Behzad stundom hadde vore betre valg. Bergen Nord får ein sjanse etter 20 minutt. Dei spelar fint gjennom mellom Håvard og Hallvard, men åleine med keeper Sondov skyt spissen over.
Etter 25 minutt legg OFK både JK og Bjarte på topp. JK pleier å vera kald og målfarleg når Odda pressar, men kjem ikkje til store sjansar. Bjarte smell eit Leif innlegg over, og så skjer det: Morten blir halde skikkeleg i trøya, skrik på frispark, og dommaren dømmer. Mot! BN legg frisparket frå 25 m på mål, BN-spelaren dukkar, Odda-spelaren dukkar og, og ballen går rett i mål. Utruleg. Like før pause får Odda ein straffe då Behzad blir dytta ned bakfrå. Bjarte scorar sikkert. 1-1 til pause i ein kamp der Odda har hatt 6 sjansar mot BNs 2.

Øystein BJ er tilbake i OFK trøya!
Straks etter pause blir eit Odda-skot redda på streken. Odda stressar litt, men skaper klart mest fortsatt. Då BN kjem på ein sjelden visitt etter 55 minutt og scorar er det fortvilande. BJ får ein kjempesjanse, men skyt i tverrliggar og ut. Leif legg ut 45 grader til Bjarte som skyt utanfor. JK legg inn på bakerste til ein umarkert Bjarte, som nikkar utanfor frå 5 meter. Konsentrasjonen er ikkje på topp. Det blir litt strekk i laget, gutane misser litt trua, men skaper sjansar på nytt og på nytt. JK gjennvinn ballen på BNs 16-meter, slår til BJ som legg ut til Martin. Bom igjen. Hallvard kjem til avslutning frå 12 meter, men med venstre blir det ikkje godt nok mot vår gamle keeper Bård Byrkjenes. Kampen ebbar ut med ei skikkeleg regnbyge og ein sjanse til Leif som spelar spiss på slutten.
"Eg trudde ikkje eg skulle få sjå eit så urettferdig resultat som mot Osterøy ein gong til i haust" seier Kambestad, "men her vart det om mulig endå verre". Og BN-trenaren var einig. Men Odda kan berre skulda på seg sjølve. Dette skulle vore avgjort til pause. No blir det avslutningstrening framover.
Relaterte linker