2. divisjon neste?

OFK Flaktveit 3-4.

  I årets mest spennande men ikkje beste kamp trekte Odda det kortaste strået, sjølv om Flaktveit avslutta med toogfemti pitlopp og ein mann mindre. Dommaren kom igjen i sentrum, med feil idømt straffe mot Odda, og især då han dømte gult kort og indirekte frispark då Bjarte var åleine gjennom og keeper handsa utanfor 16-meter.

 

1.6.2010

Tid

OFK

Flak

Mål

A

Kommentar

12

0

1

 

 

Straffe på rein takling av Ole J

35

0

2

 

 

Flaktveit gjennom på høgresida. Rufsete Oddaforsvar.

43

 

 

 

 

Flaktveitspelar korrekt utvist med to gule

58

0

3

 

 

Skikkeleg keepertabbe.

62

1

2

JM

DK

Endeleg mål etter utallige sjansar!

70

1

4

 

 

Frispark. Tellefeil på bakerste, Flaktveitspelar åleine.

75

2

4

BB

HSV

Hallvard til Bjarte som nikkar i mål

78

 

 

 

 

Keeperhands utanfor 16 då BB er igjennom. Gult og indirekte?!?

86

3

4

BB

 

Straffe etter hands på corner

 

Etter eit skikkeleg sut tap heime mot bånnlaget Voss der me leda 2-0 til pause, var gutane klare for revansje. Det starta bra. Odda dominerte, skapte sjansar og var marginar frå å ta leiinga. Flaktveit har lite anna å by på enn ein god spiss. Då skjer det som så ofte har skjedd i vår: Motstandaren scorar. Me får ein feil idømt straffe mot. Surt. Det påverkar ikkje spelet så mykje. Odda skapar framleis sjansar. Jonas bommar på ein 110% sjanse, men dette må då losna? Nei. Flaktveit, som skrik og bøllar og taklar vilt og samlar kort, kjem gjennom åleine på høgresida og scorar igjen. At dei får ein mann utvist med to gule før pause er ei mager trøyst, men speleovertaket må då gi resultat i 2. omgang?

Fortsatt dominans. Nye sjansar. Då Odda set spelet og byrjar å nærma ser redusering, slepp Lars ein enkel ball, rotar han vekk, Flaktveit snappar og set han enkelt. 0-3 i ein kamp me dominerer totalt?!?

 

Etter eit kvarter i 2. scorar endeleg Jonas etter gjennomspel av Daniel. Odda augnar nytt håp. Men så glepp det i markeringa på eit frispark, og Flaktveit scorar sitt 4. på eit flott hodestøt. Daniel gjenvinn etter corner, slår til Hallvard som er med fram, han legg inn til Bjarte (med venstre?), som nikkar hardt over keeper. Nytt håp! Då Flaktveitkeeperen handsar utanfor16-meteren i eit fortvila forsøk på å stoppa Bjarte som er igjennom, reknar Odda med frispark og raudt kort til målmannen. Men dommaren synest visst han har gitt nok raude kort, dreg opp det gule, og gir Odda indirekte frispark. Litt seinare får Odda straffe på ein hands i feltet, scorar sitt tredje ved ein sikker Bjarte, men det held ikkje. Flaktveit sparkar i veggene, hyler over biltaket og fer heim med sin første 3-poengar. Odda tuslar i garderoben og førebur seg på 2.divisjon frå hausten.





Relaterte linker