Også vårt småguttelag var forrige helg på Haugesunds Avis Cup. Det ble en positiv opplevelse for guttene
Lørdag.
Ofk guttane fekk ein litt trøblete start i gr.spillet mot
Bremnes, første omgangen var det mykje att og fram og Odda låg
under 1 -0 til pause. Guttane kom seg ovenpå etter pause og fekk
spillet til å sitte meir og kom til mange flotte sjanser som
desverre gjekk stang ut, tverr over...midt veis ut i andre omgang
klarte Odda og få utligning og ikkje lenge etter
fekk uheldigvis Sander R.H. eit klarerings skudd rett i armen
som resulterte i 7 timers venting på legevakten og arm
brudd...
Men gr. sp. fortsatte og neste motstander var Djerv 1919, dei
vart litt for sterke og Odda tapte 0 -3. Så var det å nullstilla
seg til siste innledane kamp mot Vard, det var ein kamp som
Odda hadde full kontroll på, vant fortjent 8 -1. Vi hadde
eit håp om at Djerv 1919 skulle slå Bremnes.OFK hadde då
kvalifisert seg til A-sluttspillet, men det gjekk ikkje,
kampen der endte 0-0. Så då var det kveld og alle guttane var klare
for litt shopping(snop) og hygge på skulen og nokon tok turen på
disco!!
Søndag.
Første kamp i B-sluttspillet fekk Odda WO, til kvartfinale. Der
spelte dei mot Våganes, det var ein jevn kamp men OFK klarte å
få ballen til å gå langs bakken og fekk uttelling for det og vant
fortjent 4-0. Målscorere vart Arild Tjelle, Reidar Paulsen og
Magnus Moldekleiv.
Det var ganske sterk vind heile søndagen og dette
bar kampane preg av. I semifinalen møtte Odda Stegaberg. Odda
førte kampen og sjølv om det første målet som Odda fekk var eit
sjølvmål av ein Stegaberg spelar,var dette pga. Odda guttane
pressa på. Mål nummer to var det Kristoffer Karlsen som stod
for. Kampen endte 2-0 til Odda og finalen var i boks.
Sander R.H. som stod trippande på sidelinja gjennom heile
turneringa, hadde nok helst lyst å delta "berre litt,helst
MASSE". Han skal ha masse skryt for at han holdt ut gjennom heile
cupen sammen med laget!
Motstander vart Kopparvik, det vart ein tøff og hard kamp frå
fløyta gjekk, Odda hadde kraftig motvind og hadde meir enn nok med
å forsvare seg. Det stod 0-0 til pause og det skal Odda være
kjempefornøyd med. I starten av andre omgang var Odda
best og fekk to raske mål,først ved Arild Tjelle og
neste ved Magnus Moldekleiv. Koppavik kom tilbake og ledet
2-3 til det gjenstod bare nokon sekunder igjen av andre
omgang då klarte Odda å utlikna til 3-3 ved Sondre Ohma. Dette gav
oss ekstra omganger på 5min.X2 (med første mål
vinner) Etter mykje att og fram med høgt spill frå Odda klarte
Sondre å komme rundt på kant og satte ballen i mål 4 min ut i
første omgang......Ofk vant 4-3, og Odda guttane kunne sleppe
seiers-jubelen løs!!
Referenter
Anita Haugland og Vidar Ullebust
Relaterte linker